vadstein.no

English

Innhold:
Hjem
Linksiden
Thors Værside

Hjemmesider:
Vassteinfamilien







Valid XHTML 1.0!

VADSTEIN



Dette måleriet av Hans E. Reite viser Vadstein-garden i Hjartåbygda i 1957.
Vadstein er garden som Per og Petrine Vadstein busette seg på den 25. april 1881.
Tidlegare denne våren hadde dei gifta seg. Per var 23 år medan Petrine var 20 år.

SLEKTA TIL PER STEINARSSON STEINSVIK VADSTEIN

Garden Vadstein er nemnt i dei gamle tiendelistene frå 1603 som:
Wadstenn, Wadsten med Hoel og i 1606: Wadsteen med Hoel.
Ei lita elv som renn frå Vadsteinvatnet kan vere opphavet til namnet. Steinane som låg i elva og som vart nytta til bru, vart kalla vadsteinar. Ei anna forklaring er også ein fjelltopp som ligg attmed vatnet. Slike fjellkollar vart ofte kalla "stein" ("Vasstein").

Det første namnet som er kjent på garden er ei dame ved namn Anne som budde på Vadstein i 1596. Så langt ein kan sjå (1603), har her vore to bruk.
Bruk 1: Heimigarden og Bruk 2: Framigarden.

Heimigarden vart ein periode på 1600-tallet delt i 2, der det eine bruket vart kalla Holen (derav namnet Wadsteen med Hoel).

I 1667 vart brukaren av Holen, Mikkel Jonsson Vadstein, dømt for brot på ekteskapet 2 gonger og vart landsforvist. Han levde seinare på Vadstein i stor fattigdom.
Broren til Mikkel, Johannes, hadde delt garden med broren, men vart etter denne episoda brukar av heile garden.

Heimigarden er den garden som vi kallar Vadstein i dag og som Per og Petrine Vadstein i si tid flytta til.

Eigarforholda til garden Vasstein/Vadstein
Dei fleste som i dei tidlege tidene budde på garden, eigde den ikkje, men bygsla.

Eigedomstilhøva i eldre tid:

1. Kruna (Staten)
2. Amtmann Lilliensjold
3. 1680: Borgundpresten Mag. Chr. Pedersen
4. Johan Frimann
5. 1697: Claus Frimann
6. Frimanns-ætta

7. 1793: Peder Johannesson Kile (frå Pergarden på Kile) kjøpte garden på auksjon, og var den første i vår familie som var eigar av garden (Heimigarden, Vadstein). Peder var for øvrig gift med Brit Jonsdtr. Vadstein som kom frå det andre bruket (Framigarden, Vadstein). Peder og Brit budde ikkje på garden, men var brukar på Kile.

8. Garden vart deretter delt mellom 4 sysken ein periode, borna til Peder og Brit, der Anne Elisabeth Pedersdtr. Kile var ein av eigarane og vår ane. Ho var gift med Ola Jonsson Ulvestad Bjørkedalog busett på Nøre Bjørkedal.

9. Peder Olsson Nøre Bjørkedal (Åmelfot) arva delen etter mora, Anne Elisabeth, kjøpte ut dei andre syskena hennar og vart difor eigar av heile garden. Peder vart gift med Olave Eriksdotter Åmelfot og dei var busett på Åmelfot. Han tok difor namnet Åmelfot.

10. Anne Karine Pedersdtr. Åmelfot arva garden etter foreldra sine. Ho var gift med Steinar Rasmussen Steinsvik og busett på Steinsvik.

Personane ovanfor var ikkje busett på garden, men bygsla den bort til andre.

11. Per Steinarsson Steinsvik kjøpte garden av foreldra sine i 1890 for kr. 2.000,-, og busette seg der med si kone
Petrine Larsine Martinsdtr. Løvik, og tok namnet til garden.


Kompilert Jula 2002, Janne og Arne Martin Vasstein



Hvis du er interessert i slektstreet for Vadstein, så har vasstein.no en oversikt over dette sammen med andre artikler om slekten.

Er du en Vadstein, kan jeg tilby deg emailadresse under dette domenet (deg@vadstein.no), og også en peker ditt hjemmesideområde (deg.vadstein.no). Jeg kan også tilby gratis plass for dine hjemmesider etc. Send en mail til webmail@vadstein.no så skal jeg ordne dette.